Utladalen.no

Utladalen ligg innst i Sogn, i Årdal Kommune. Utladalen er dramatisk og vill. Som eit to mil langt øksehogg er dalen Sognefjorden si forlenging inn i Jotunheimen.
Rundt dalen ligg det høgastligjande fjellpartiet i Noreg, med mange toppar på over 2000 meter. Her ligg og dei alpine Hurrungane, eit attraktivt område for fjellklatring.
Vettisfossen, med sitt 275 meter høge, frie vassfall, er Nord-Europas høgaste. Mange av dei omlag 30000 besøkande pr. år, har nok som mål å vitja denne fossekongen. 
Men Utladalen er og ein av europas djupaste dalføre, og bergtek mange besøkande med sin ville og frodige natur. 
Utladalen er porten til Jotunheimen frå vest. På Skåri, ved Hjelle, finn ein Utladalen Naturhus. Eit senter som med sitt innhald og sin plassering, gjev alle moglegheiten til å oppleve denne heilt spesielle natur-dramatikken.


Utladalen - Øvre Årdal i Sogn
Årdal Turistkontor - tlf.: +47 57 66 35 62 - Epost: frank@mail.ardalsnett.no