Våre arrangement

Utladalen Naturhus er vertskap for fleire arrangement kvart år, både eigne arrangement og i samarbeid med andre.

Nedanfor finn du årets hendingar i kronologisk rekkefølgje:

 
 
Sigrid_3%2c2_Foto_IngvilSkeieLjones.jpg

Familiedag under Skåri med Sigrid moldestad på utescena

24. juni inviterer Utladalen Naturhus og Nasjonalparkfestivalen under Storen til familiedag under Skåri med konsert med Sigrid Moldestad. Naturhuset fyrer opp grillen og held ope for sal av mat og drikke, organiserer ei mengd aktivitetar på uteområdet medan Nasjonalparkfestivalen under Storen inviterer til konserten med Sigrid Moldestad. Det er få artistar her til lands som passar betre under Skåri enn Sigrid Moldestad, så dette vil du ikkje gå glipp av!

 
GRATISKONSERT 4 JULI.png

Gratiskonsert med karl seglem trio & berit opheim

Merk dykk datoen 4. juli. Førdefestivalen vitjar Utladalen med titals journalistar frå heile verda, og byr då på gratiskonsert med eminente Karl Seglem Trio saman med songaren Berit Opheim frå Voss. Gjestene til Førdefestivalen får ein smakebit av Utladalen, musikk og kultur, og alle som vil får høve til å ta del i dette. Konsertprogrammet er sett saman av tradisjonelt stoff, musikk av Grieg og Seglem sine eigne komposisjonar. Edvard Grieg reiste som kjent inn i Jotunheimen via Utladalen fleire gonger, med eigen kløvhest som frakta portvintønna, og i godt selskap av sin gode ven Frantz Beyer. 

Utladalen Naturhus stiller med open kafè, sal av grillmat med diverse tilbehør, aktivitetar for heile familien og god stemning.

 
Naturhuset-framside3.jpg

Sommaropen kafè & utstilling

Utladalen Naturhus held ope for sesongen frå medio juni - medio august. Her finn du ei utstilling som gir deg informasjon om Utladalen og Vest-Jotunheimen, i tillegg til ein kafè i hovudhuset. Området rundt Utladalen Naturhus er ideelt som naturleikeplass for born, så det er ein god idè å legga inn ein stogg her på veg innover i Utladalen. Naturhuset kan også leigast til lukka lag og arrangement.