Søk
Utla

Elva Utla har sitt utspring i breane inne ved grensene mot Lom. Nedover dalen tek Utla imot fossefall frå dalane på vest- og austsida. Elva pressar seg ned Vettisgjeli og slyngjer seg nedover Utladalen med fossar og stryk på si ferd mot Årdalsvatnet og Sognefjorden.

Utla si variasjon gjennom fire årstider, gjer ho egna til både padling og rafting. I dei nedre partia av Utladalen og gjennom Øvre Årdal, byr elva på eit godt aurefiske.



  


Årdal Turistkontor - tlf.: +47 57 66 35 62 - Epost: frank@mail.ardalsnett.no