Vetti Gard Turiststasjon
Vetti Gard Turiststasjon har husa besøkande i dalen heilt sidan 1870 åra. Her har kjentfolk som Slingsby, Grieg, Nansen, Dronning Sonja med mange fleire vitja. Den svært sjukdomsråka Edvard Grieg meinte han blei 10 år yngre for kvar gong han fekk komme til Vetti.


Dei fyrste sikre kjeldene om busetnad på Vetti skriv seg frå 1120. Sidan 1775 har garden tilhøyrt noverande familie.I 1985 flytta brukarane frå Vetti, men kvar sommar er det folk her, som følgje av turiststasjonen. Sjå elles under overnatting/servering i menyen.
Utladalen - Øvre Årdal i Sogn
Årdal Turistkontor - tlf.: +47 57 66 35 62 - Epost: frank@mail.ardalsnett.no