På kvar side av Utladalen er det ei rekkje hengedalar. Vi seier at sidedalane til Utladalen er hengjande fordi dei munnar ut oppe i sida på hovuddalføre. Hengjedalane har kvar sin foss. Dei tre største fossane du møter i Utladalen, er ofte omtala slik:
Den fyrste er Hjellefossen, den vakraste er Avdalsfossen og den største er Vettisfossen.
Av andre store fossar i Utladalen finn ein:
Høljafossen, Stølsmaradalsfossen, Fleskedalsfossen, Skoddedalsfossen, Midtmaradalsfossen, Maradalsfossen, Uradalsfossen og Skogadalsfossen.

Langs elvar og fossar vil ein finne mange "perler".
Her frå eit punkt like over utspringet til Avdalsfossen.
Eit punkt ein passerar om ein går "Avdalsskori".