Draumejobben ledig i utladalen

 
 

2-årig prosjektstilling i utladalen

søknadsfrist 15. februar 2019

søknadsfrist 15. februar 2019

Arbeidsgjevar: Stiftinga Utladalen Naturhus

Stillingstittel: Arbeidsleiar

Frist: 15. februar 2019

Stilling: 2-årig prosjektstilling 100% med moglegheit for forlenging

Stiftinga Utladalen Naturhus søker driftig prosjekt- og arbeidsleiar i Utladalen frå våren 2019. Utladalen Naturhus ligg innanfor Utladalen Landskapsvernområde i Årdal kommune, og utfører fleire arbeidsoppgåver på oppdrag for Statens Naturoppsyn som skjøtsel og tilrettelegging. Årdal kommune kan by på spektakulære moglegheiter for friluftsliv, gode barnehagar og skular og eit rikt idretts- og kulturliv. Utladalen ligg på grensa til Jotunheimen Nasjonalpark, og området har ei rik natur- og kulturhistorie.

Stillinga inneber:

-          Skjøtsel av kulturlandskap i heimre Utladalen

-          Tilsyn beitedyr

-          Tilrettelegging for ferdsel

-          Arbeidsleiar for sesongarbeidarar

-          Varierte arbeidsdagar som medfører at du må vera fleksibel i forhold til arbeidstidspunkt

-          Naturvegleding

-          Utviklingsarbeid

-          Driftsansvar Avdalen Gard og Utladalen Naturhus

Relevant erfaring/kompetanse:

-          Prosjektleiing/leiing

-          Stødig i norsk og engelsk munnleg og skriftleg

-          Gjerne erfaring frå skjøtselsarbeid og dyrehald

-          Gjerne erfaring med motorisert skjøtselsutstyr som motorsag osb

-          Gjerne bachelor/master i naturforvaltning eller liknande

Personlege eigenskapar:

-          Du er positiv og serviceorientert

-          Du er sjølvstendig

-          Du har gode samarbeidsevner

-          Du har praktiske ferdigheiter

Utladalen Naturhus kan tilby:

-          Spennande arbeidsoppgåver i flotte omgjevnader

-          Lønn etter avtale

-          Godt arbeidsmiljø med trivelige kollegaer

-          Personalbustad ved behov

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Torunn Todal Laberg på tlf 975 22 139. Send søknad på epost til torunn@bulderogbrak.no innan 15. februar 2019