Utladalen er dramatisk og vill. Som eit to mil langt øksehogg er dalen Sognefjordens forlenging inn i Jotunheimen. Samtidig er dalen ein innfallsport til Vest-Jotunheimen.
Natur
I Utladalsområdet finn du eit tverrsnitt av kva fjellområda omkring har å by på. Rundt Utladalen ligg det høgastliggjande fjellpartiet i Noreg, med mange toppar på over 2000 meter. Hurrungane, den villaste tinderekka norske fjell kan by på og den norske fjellklatringa si vogge, ligg her. Vettisfossen, med sitt 273 meter høge, frie vassfall, er Nord-Europas høgaste. Går du ein tur gjennom Utladalen ein varm sommardag, vil du finna det så frodig at det minner om sydlegare breiddegrader, samtidig som høgfjellet med is og snø ligg innanfor rekkevidd.
Landskapsvernområde og nasjonalpark
Utladalen og dei nærliggjande fjellområda vart verna som landskapsvernområde i 1980, samtidig som Jotunheimen nasjoanlpark vart oppretta.
Kulturhistorie og restaurering
Dalen og landskapet er vilt, men her har folk budd i generasjonar, både nede i dalbotnen og oppe i dei stupbratte sidene. Vormeli, av mange sett på som den mest utilgjengelege garden i landet, ligg her. I dag er det stort sett slutt både på gardsdrift og støling i Utladalen, men dei siste 20 åra har brukarane sett i stand bygningar på stølar og gardsbruk i Vormeli, Stølsmaradalen, Fleskedalen, Vettismorki, Vetti, Gravdalen, Avdalen, Skåri og Hjelledalen.
Men det er ikkje berre bygningar som vert restaurerte. I 1995 var arbeidet med skjøtselsplanen sett i gang, og det vart innleigd mannskap til å utføra det praktiske arbeidet. I 1998 vart arbeidet med skjøtselsplanen fullført.
Informasjon
Utladalen Naturhus held til i den gamle uthusbygningen og stovehuset på bruket Skåri like innafor grensa for landskapsvernområdet ved Hjelle, og blir drive som ei stifting.
Naturhusets permanente utstilling i uthuset/fjøsen fortel om naturforhold og kulturhistorie i Vest-Jotunheimen. Elles blir naturhuset brukt til ulike temautstillingar og arrangement.
Den Norske Turistforening og Statens naturoppsyn har eigen informasjon i naturhuset
Stovehuset har møterom, kjøken og kontor for Årdal Turlag, Slingsbystiftinga i Årdal og Statens naturoppsyn. I sommarsesongen er det kafe i stovehuset. Vanleg opningstid er frå 20. juni til 20 august. For besøk utanom opningstid, ta kontakt på telefon ( 57 66 15 70 ).
Utladalen med Utladalen Naturhus og annan lett tilgjengeleg informasjon representerer ein nøkkel for den som vil forstå korleis folk levde i ein brattlendt vestlandsdal opp til for få tiår sidan.
Fotturar
I området er det eit godt utbygt nett av turstiar og overnattingshytter.
Til toppen