|
Dagens kulturlandskap er prega av eit moderne industrisamfunn der storparten av innbyggarane er busette i tettstadane Årdalstangen og Øvre Årdal. Etter krigen har dei fleste innbyggarane vore sysselsette i industrien, og store delar av landbruket er vorte lagt ned.
Det gamle historiske kulturlandskapet var knytt til dei mange sidedalføra til Årdalsfjorden/Utladalen. Særleg sidedalane til Årdalsfjorden og Årdalsvatnet var meir eller mindre isolerte bygdesamfunn. Nedst i desse dalføra låg busetnaden i ulike nivå opp etter dalen, anten opp etter bratte elvedalar eller gradvis langs slake breeroderte dalar. Frå gardane førte vegen vidare til fjells, - til dei viktige beiteområda. Dei fleste av desse dalane var jordbruksdalar, men dei ytste dalføra, Ofredal og Vikadal hadde gode furuskogressursar. Tungdrivne dalar som Nundalen ligg i dag folketome, og i Utladalen var ureining og farlege naturtilhøve medverkande årsak til at folk flytta. Slike område ligg no att som viktig dokumentasjon på korleis folk levde og livnærte seg i ei anna tid, men vil utan bruk og skjøtsel forsvinna i skoglandskapet.
[Frå samandraget i rapporten:]
Årdal kommune har eit vidt utval av kulturlandskap og kulturmarkstypar. Dette skuldast topografiske variasjonar i kommunen, og skilnad i berggrunn, klima og vegetasjon. Utnyttinga av naturgrunnlaget og driftsformene i jordbruket er tilpassa både fjord og fjell.
[Utdrag: Helle, Turid: Kulturlandskap og kulturmarkstyper i Årdal kommunhe, Sogn og Fjordane distriktshøgskule skrifter 1989:11]
Til toppen
|
|