|
Område eller naturobjekt som det knyter seg førestillinger om og tradisjonar til, må også reknast som kulturminne. Det mytiske landskapet i dei norrøne områda er gått tapt fordi mytane og forteljartradisjonane ikkje lenger er ein del av lokalsamfunnets kultur.
Eg meinte at eg kjende fjellgarden Avdalen godt, heilt til eg begynte å sysla med det "immatrielle kulturlandskapet", summen av kunnskapen om næringstrukturar, handverkstradisjonar, sosiale institusjonar, språk og stadnamn som har forma dette lokalmiljøet. Med Utladalen og Vest-Jotunheimen som arbeidsplass dei siste 10 åra, der forvaltinga av kulturlandskapet har vore hovudemne dei siste åra, er dette eit landskap som eg kjenner meg heime i. Men når eg skal vera ærleg, så har eg vore alt for mykje forvaltar av naturlandskapet og oppteken av den biologiske sida av kulturlandskapet. Når det gjeld kulturhistoria, så må eg innrømma at her har eg enno mykje å læra, og sikkert mange med meg som besøker dette mangfaldige dalføret.
[Utdrag: Solem, Rigmor, «Korleis gjere kulturhistoria levande», semesteroppgåve i etnologi grunnfag, Universitetet i Bergen 1997]
Det samiske kulturlandskapet
I samband med at forsvaret hadde utbyggingsplanar for Skoddebergvann i Sør-Troms, ville eit område som av det samiske kulturminnevernet vart rekna som verneverdig, verta rørt. Området representerer eit kulturelt mangfald, ein levande markesamisk og sjøsamisk kultur med mange, men lite synlege samiske kulturminne. Omgrepet samisk kulturlandskap vart nytta som nemning på området, men ved nærare undersøkingar viste det seg at kulturminnelova ikkje kunne nyttast for vern fordi det berre vart gjort få funn av fysiske kulturminne. Forholdet mellom kulturminnelova og det samiske kulturlandskapet innebar altså at ein ikkje hadde noko verktøy som kunne sikra dei samiske kulturverdiane.
Under det påfølgjande utviklingsarbeidet med å utdjupa og utvikla omgrepet samisk kulturlandskap, kom følgjande fram:
"Et kulturminne er ikke bare en fortidsrest manifestert som fysisk struktur. Det både har inngått og kan inngå i symbolske univers. Kulturlandskap er ikke bare landskap påvirket av mennesker, men landskap som påvirker menneskers oppfatning av seg selv, av samtid og av fortid. Landskapets kulturelle innhold defineres innenfor bestemte kulturelle rammer, enten det oppfattes som andres, ingens eller vårt. Som "vårt" handler det om gjenkjennelse og bekreftelse av identitet".
Her vert det altså lagt vekt på det symbolske og identitetsskapande aspektet ved kulturlandskapet. Kultursymbol markerer gruppefellesskap. Dersom ei gruppe eller eit folk mister kulturminne som har ein symbolfunksjon som er viktig for kulturen deira, vert også ein del av kulturgrunnlaget rive vekk. I den samiske kulturen er slike symbol ofte knytte til landskap.
Det samiske kulturlandskapet er også eit mytisk landskap. Mytar og forteljartradisjonar knytte til dei enkelte lokalitetane, er vortne haldne ved like opp i moderne tid. Område eller naturobjekt som det knyter seg førestillingar og tradisjonar til, må altså reknast som kulturminne. Eksistensen til slike kulturminne kviler på at dei er levande i ein eksisterande forteljartradisjon. Det mytiske landskapet i dei norrøne områda er derimot tapt fordi mytane og forteljartradisjonane ikkje lenger er ein del av lokalsamfunnets kultur. Rudiment av vår gamle muntlege og sikkert rike tradisjon lever på avgrensa område, som for eksempel i fiskeméd.
Til toppen
|
|