|
Omkring 500 år før vår tidsrekning byrja, skjer gjennombrotet for jordbruket. Det var først no det vart rydda land og etablert fast busetnad. Mennesket byrja å setja spor etter seg i landskapet. Dagens kulturlandskap er resultatet av ei samanhengende utvikling frå jernalderen og fram til vår tid.
Først var naturen, så kom menneska; slik også i skapingssoga, der mennesket først vart skapt den sjette dagen. Naturen la premissane som samfunnet vårt har utvikla seg innanfor.
Kulturlandskap er eit forholdsvis nytt omgrep som enno ikkje har nokon fast og standardisert definisjon, men kan seiast å vera eit landskap som er prega av samspelet mellom menneske og natur. - "Kulturlandskap er et landskap impregnert med kultur" - (Orvar Löfgren)
Omgrepet kulturlandskap vert av og til brukt som nemning på ein av tre hovudlandskapstypar som skildrar ein gradient frå den urørte til den rørte naturen:
Primærlandskap er landskap som ikkje er rørt av menneskeleg verksemd.
Naturlandskap er landskap der den menneskelege påverknaden totalt vert dominert av dei naturlege komponentane i landskapet.
Kulturlandskap er landskap der menneskeleg aktivitet er avgjerande for landskapets utvikling og pregar landskapets karakter.
Kulturlandskapet består av to hovudelement, dei naturgjevne og dei kulturgjevne. Berggrunn, landskapets topografi, planter og dyr er dei naturgjevne elementa, mens t.d. vegar, bygningar, slåtteenger og styvingstre er kulturgjevne element. Dei naturgjevne og dei kulturgjevne elementa går over i kvarandre.
Levande kulturhistorie
Kulturlandskap er landskap påverka av menneske, og er det konkrete resultatet av samspelet mellom menneske og natur. Kulturlandskapet er ein nøkkel til ei levande forståing av vår eiga kulturhistorie.
Naturforståing
Det å bruka kulturlandskapet som ein innfallsport til kulturhistoria vår gir oss samtidig eit godt utgangspunkt for å fokusera på kor avhengige me er av naturen, noko me lett gløymer i ein kulturepoke der streikande flygeleiarar har meir å seia enn uventa nattefrost.
Natur og kultur
"Naturen er kulturens hjem" - (Nils Faarlund)
Den som kan tolka kulturlandskapet, kan lesa ut av det både natur- og kulturhistorie: Berggrunnens utvikling, istidas arbeid, plantenes innvandring og spora etter menneska sin busetnad og deira ferdsel og bruk av ressursar i fortid og notid. Alt set sine spor, men me må læra oss å lesa landskapet.
Eit levande kulturlandskap vil alltid vera i endring, både på grunn av naturens eigne prosessar og gjennom menneskelege aktivitetar. Eit kulturlandskap som "går ut av bruk", vil gradvis endra seg til å verta eit naturlandskap att: "
, og i Utladalen var ureining og farlege naturtilhøve medverkande årsak til at folk flytta. Slike område ligg no att som viktig dokumentasjon på korleis folk levde og livnærte seg i ei anna tid, men vil utan bruk og skjøtsel forsvinne i skoglandskapet."
[Utdrag: Helle, Turid: Kulturlandskap og kulturmarkstyper i Årdal kommunhe, Sogn og Fjordane distriktshøgskule skrifter 1989:11].
Til toppen
|
|