Kvifor
50-talet
Hjelleskogen
Fremre Hjelledalen
Skåri
Avdalen
Vetti
Vettismorki
Vegetasjon
Sopp
Kvifor?
Dei siste 20 åra har brukarane sett i stand bygningar på stølar og gardsbruk i Vormeli, Stølsmaradalen, Fleskedalen, Vettismorki, Vetti, Gravdalen, Avdalen, Skåri og Hjelledalen.

Men det er ikkje berre bygningar som vert restaurerte. I 1995 vart det laga ei skjøtselsplan for kulturmarka, og det vart innleigd mannskap til å utføra det praktiske arbeidet. Dette skjøtselsarbeidet har no utvikla seg til også å omfatta 4-5 andre gardsbruk i Utladalen.
Historiemedvit inneber at eit menneske har ei oppfatning av samanheng mellom fortid, notid og framtid og inneber ei erkjenning av at det samfunnet ein lever i, har eit opphav og ei framtid, altså at samfunnet lever i tida og eksisterer under dei spesielle førutsetnadene i notida. Ein historielaus person kan sjåast som ein person utan hugse,- som oppfattar at samfunnet er uttrykk for noko tidlaust og uforanderleg.

Hjå historikarar er det blant dei første skritta i profesjonaliseringa å oppleva korleis fortida lever i kjeldene, at kjelda er fortida - sitrande, frydefullt og kanskje litt skremmande også."

[Kjelde: Bøe, Jan Bjarne: Faget om fortiden, Universitetsforlaget 1995]

"Kanskje var det så eineståande fordi det gav oss ei kjensle av, ei kort stund, å ha direkte kontakt med fortida, eit samliv med fortida? Eg trur at nettopp slike opplevingar gjer livet rikare, og da har det ei meining som er eit godt nok argument for å gjennomføre slike tiltak."

Om å restaurera ei bekkekvern eller om fenomenologi,- ein empirisk metode.
Me begynte så smått å tenkja på denne bekkekverna for eit par år sidan etter at dei 7 bygningane nede på tunet var sett i god stand. "Hadde det ikkje vore ein ide å få bygd opp att dette kvernhuset", sa me, og dess meir me tenkte på det, dess meir sjølvsagt verka ideen.

Da det dukka opp mulegheiter for å få tak i gammalt tømmer ifrå ein låve borte i Vang, så var det berre å setja i gang. Igjen var det samarbeid og dugnadsånd som prega innsatsen i Avdalen, slik det har vore i alle desse sju åra. Ut på seinsommaren -95 stod kvernhuset på plass på den gamle muren, og me begynte å sjå oss om etter fagfolk som kunne innreia huset med alt som skulle til for å få kverna i drift. I tillegg måtte me få bygd vassrenne der gamlerenna hadde vore. Ein pensjonert møllar frå Danmark(!) med meisterbrev vart hyra med i innspurtsfasen for at han med si lange erfaring skulle styra det heile denne store dagen da vatnet skulle sleppast ned renna.

Me var mange som stod langs vassrenna da vasslåsen øvst i renna vart opna og vatn frå Avdøla nærmast fossa ned renna og rett på kvernkallen. For ei kraft og for ein vass-sprut rundt kvernkallen da den begynte å skyta fart. Møllaren og eksperten var raskt på plass inne i kvernhuset for å justera steinane og strø korn i kvernauga. Han hadde med seg kveite frå eiga avling heime i Danmark. Møllaren lytta på steinane, justerte, og snart begynte mjølet å koma fram mellom steinane, fint sammale kveitemjøl. Kort tid etter stod me der med kveitemjøl i nevane og tenkte på at det var 70-80 år sidan sist korn vart til mjøl mellom kvernsteinane i Avdalen.

Om kvelden fekk me prøvesmaka det første brødet laga av Avdalsmjøl da me sat rundt langbordet i stova og prata om dagens store hending. Og da var det også tid for å reflektera over kva som hadde fått oss til å gjennomføra dette, å bygga opp att ei bekkekvern som hadde vore ute av drift i ein mannsalder. Kva var våre motiv, og var me eigentleg heilt bevisst våre motiv?

Den dagen da bekkekverna vart sett i drift i Avdalen, står for meg som noko særskilt fordi me som var til stades, opplevde dette som noko utruleg stort, utan omsyn til kva for motiv me hadde for å engasjera oss i tiltaket. Kanskje var det så eineståande fordi det gav oss ei kjensle av, ei kort stund, å ha direkte kontakt med fortida, eit samliv med fortida? Eg trur at nettopp slike opplevingar gjer livet rikare, og da har det ei meining som er eit godt nok argument for å gjennomføra slike tiltak. Vidare ser eg for meg at bekkekverna vil kunna ha ein funksjon i Avdalen i dag slik som den hadde i si tid. Det blir baka brød i Avdalen .

[Utdrag: Solem, Rigmor, «Korleis gjere kulturhistoria levande», semesteroppgåve i etnologi grunnfag, Universitetet i Bergen 1997]

Til toppen

Utladalen  |  Naturen  |  Menneska  |  Kulturlandskapet  | Undervisning

Spørsmål om veven kan rettas til
post@utladalen.no