|
"
, og i Utladalen var ureining og farlege naturtilhøve medverkande årsak til at folk flytta. Slike område ligg no att som viktig dokumentasjon på korleis folk levde og livnærte seg i ei anna tid, men vil utan bruk og skjøtsel forsvinne i skoglandskapet."
[Utdrag: Helle, Turid: Kulturlandskap og kulturmarkstyper i Årdal kommunhe, Sogn og Fjordane distriktshøgskule skrifter 1989:11]
Dei jordbruksformene vi finn spor etter i Utladalen, har røter tilbake til vikingetida, og ein skal ikkje langt tilbake i tida før ein finn driftsmåtar som har vore uendra i hundreår. Dei tydelegaste spora finn me i tilknyting til den gamle innmarka. Beite, slått, trakk, bruk av naturgjødsel og i nyare tid også lette jordbruksmaskiner har skapt dagens kulturlandskap. Rundt 1850 begynte det å skje store endringar, men først så seint som etter andre verdskrigen kom dei verkeleg store endringane i jordbruket.
I eit område som Utladalen heldt dei gamle driftsformene seg lenge. Her er fortida ikkje langt unna. Stølsdrift, kløvjing og transport til og frå fjellområda rundt dalen heldt aktiviteten oppe til ut på 1970-talet. Etter den tida har jordbruksdrifta i Utladalen vorte monaleg mindre. Fluor-ureininga frå aluminiumsverket i Årdal verka også til at det til slutt vart uråd å driva med fedrift, då husdyra vart hardt plaga av fluorose. Dei største utsleppa var på 60 - 70-talet, og mykje av furuskogen døydde på rot. Redusert beite, slått og hogst skapte ei akselererande attgroing av kulturmark, ferdselsvegar og andre kulturminne. Når jordbruksaktiviteten minkar, vil etter kvart kunnskapen om bruk av dalen forsvinna. For å oppretthalda eit kulturlandskap prega av gamle driftsmåtar må det aktive tiltak til når den gamle bruken tek slutt.
Kulturhistoriske spor
I Utladalen kan ein finna eit utal forskjellige kulturminne som utfyller kvarandre og til saman gjer det mogleg å forstå noko av tilhøva i naturalhushaldsamfunnet i forrige århundre, og enda lenger attende. Dei ulike landskapstypane med karakteristiske spor etter menneskeleg verksemd og busetnad har ein særskild bodskap til vår tid; bodskapen frå det nøysame samfunnet, gleda over det gode handverket, økonomiseringa med dei enkle ressursane. Kulturspora er resultat av at folk skulle fylla sine primærbehov ut frå den rådande teknologien og kunnskapen. Me er ved eit stort tidsskifte i kulturhistoria vår. Handverkstradisjonar, bustadformer og byggjeteknikkar som har vore i bruk i mange hundre år, er på veg ut i vår tid.
[
og biologisk mangfald]
Nyttar ein omgrepet kulturlandskap som ramme for å skildra kva ressursar ein finn i tilknyting til Utladalen, inneber det at ein ikkje berre reknar dei materielle ressursane knytt til utnyttinga av dei tradisjonelle landbruksressursane som beiting, forproduksjon, ved- og tømmerhogst. Verdiane knytt til biologisk mangfald (plante- og dyreliv) i ein menneskepåverka naturtype, landskapsoppleving, kulturhistorie og friluftsliv vert i denne planen tillagt stor vekt.
[Utdrag: Skjøtsel i heimre Utladalen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport nr. 5 - 98]
Til toppen
|
|