|
Etter 1950 begynte det å skje store endringar i ressursbruken. Dette var ei tid prega av møtet mellom den nye og gamle tida, og avfolkinga av dalen starta ved at Hagaberg vart fråflytt hausten 1950.
Stølsdrifta tok meir og meir slutt etter å ha vara ved i meir enn 1000 år. Avdalen slutta med støling i Gravdalen i 1956, medan garden Flaten heldt på til 1970 oppe på Vettismorki. Etter at Avdalen slutta med stølsdrifta hadde dei geitene sine på Vettismorki om somrane, ilag med buskapen til Flaten, fram til dei flytta frå Avdalen i 1962.
På mange måtar kan ein seie at det store hamskiftet i jordbruket kom omlag hundre år seinare til slike avsidesliggjande plassar som Utladalen enn landet elles. Overgangen frå sjølforsyningsøkonomi til marknadsøkonomi kom først for fullt etter 1950. Grasproduksjonen vart no viktigast, og dyrking av korn, poteter og rotvekster vart redusert vesentleg. Eit nytt og viktig hjelpemiddel her var den motoriserte slåmaskinen som spara folk for mykje arbeid i den travlegaste tida. Avdalen fekk slåmaskin i 1956. Produksjonen og sal av ost gav pengar til hushaldet, og varer frå butikkane i Årdal vart anten bore på ryggen eller kløvja på hesten heim.
Dei siste (1998) som budde året rundt i heimre Utladalen var Berit og Jørgen Vetti (1985) og Håkon Skår (1987). I dag (2000) bur ein person fast på Skåri.
[Utdrag: Skjøtsel i heimre Utladalen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport nr. 5 - 98]
|
|