Den eldste historia
Opp mot vår tid
Vår tid
Kort om den eldste historia
I Utladalsområdet har og folk levd og sett spor etter seg i dette området i fleire tusen år. Det er ting som tyder på at dei første menneska som busette seg i Utladalsområdet kom austfrå. Dei første jordbrukarane ser ut til å ha kombinert dyrking i låglandet med jakt og fangst i høgfjellet, der fangst av villrein betydde mykje for å overleva. Restar etter fangstanlegg med dyregraver, ledegjerde og bogahi finnst på Austabotn-Gravdalsbandet, ved Breidkvamsnosi-Koldedalen og i Vetle Utladalen, Storutladalen og Skogadalen.
[Kilde: Folder om Utladalen landskapsvernområde]

I Jotunheimen, ved Gjende og Russvatn er det spor etter buplassar frå 3 000 f.Kr. I dag minner dyregravene oss om ei tid då fangst av rein var ein viktig del av næringsgrunnlaget. Fangsten i dyregraver tok ikkje slutt før han vart forboden på 1800-talet.
[Kilde: Folder om Jotunheimen nasjonalpark]

Utladalen  |  Naturen  |  Menneska  |  Kulturlandskapet  | Undervisning

Spørsmål om veven kan rettas til
post@utladalen.no