|
Vormeli / Vetti / Avdalen / Skåri / Hjelle
I mangt og mykje av det som har med næringsdrifta og arbeidslivet i vikingtida å gjera, finn ein stor likskap med tilhøva i bygdene før det store hamskiftet i dei siste hundreåra.
[Kilde: Bakka, Egil: «Ytre Moa ein øydegard frå vikingtida», Bygdebok for Årdal, band 1 (side 149 ff), Årdal sogelag 1971]
Oversikt
I mangt og mykje av det som har med næringsdrifta og arbeidslivet i vikingtida å gjera, finn ein stor likskap med tilhøva i bygdene før det store hamskiftet i dei siste hundreåra. Av nye ting som har komme etter Ytre Moa kan nemnast lafteteknikken i husbygginga, som i mellomalderen løyste av stavbygningsteknikken til bustadhus og forrådshus, bekkekverna som løyste av handkverna, eldvåpna som løyste av pil og boge, og poteta som kom til å ta så stor plass både i åkeren og på matsetelen i tillegg til kornet og mjølmaten.
Dei to eldste gardane i Utladalen er Hjelle og Vetti. Namna tyder på at båe gardane har eksistert før Svartedauen. Dalen vart truleg lagt heilt aude omkring 1350 under svartedauden. Gardane i Utladalen høyrer vi så ikkje noko meir om før på 1600-talet. Avdal gard vart truleg rydda på slutten av 1500-talet.
Både Avdal og tunet på Flaten, ein av plassane i Vettisgrenda, er typiske for fjellgardane i indre Sogn. Husa i nedre del av Utladalen vart vanlegvis lafta av furu, som det var god tilgang på i dette området. Høgare oppe i dalen, over barskoggrensa, har stein vore byggjematerialet. Dette gjeld t.d. Vormeli der det opphaveleg var ei eitt-roms årestove i stein. «Utladalsholet» som plassen også vart kalla, var kanskje den mest avsidesliggjande garden i landet. Det tok 9 timar å gå over fjellet til Fortun.
Gardsdrifta i dalen var for det meste basert på fedrift, men gamle treskelåvar og bekke-kverner fortel at det også vart dyrka korn her. Jakt har vore ei naudsynt attåtnæring. Felles for alle gardane er at dei ligg under kvar sin hengjedal som var stølsdalar og samtidig ein innfallsport til fjellet.
Fra midten av 1800-tallet ble det, mye på grunn av Vettisfossen og det ville landskapet, en økende strøm av turister til Utladalen. Vetti ble turiststasjon i 1875.
Vetti fekk elektrisk straum i 1947 og telefon i 1959. I 1973 - 1977 vart den 5 km lange traktorvegen fram til Vetti bygd på dugnad av bygdefolket og er derfor vorte kalla Folkevegen. I 1985 flytta brukarane frå Vetti, men kvar sommar er det igjen busetnad på Vetti i samband med turiststasjonen.
[Kilde: Solem, Rigmor: Rapport om Skåri]
|
|