|
Kulturlandskapet er eit levande dokument over både natur- og kulturhistorie. Ei målsetjing med eit kulturlandskapsprosjekt kan vera å læra elevane å "lesa" delar av lokalsamfunnet si historie ut av sjølve kulturlandskapet.
Kulturlandskap er landskap påverka av menneske. Dagens kulturlandskap er det handgripelege resultatet av samspelet mellom menneske og natur gjennom dei ti tusen åra menneska har halde til her i landet. Det norske kulturlandskapet er variert og mangfaldig.
Kultur
Kulturlandskapet er eit historisk dokument der natur- og kulturminne fortel om menneska sin busetnad og deira ferdsel og bruk av ressursar i nær og fjern fortid. Samanhengen mellom natur- og kulturelementa er viktig for å kunna oppleva og forstå landskapet og dermed også historia vår.
Natur
Å arbeida med kulturlandskap inneber at naturaspektet ved kulturlandskapet også får tilstrekkeleg plass. Når ein skal nærma seg og forstå samspelet mellom menneske og natur i eit kulturlandskap, vil det ofte vera nærliggjande å bruka kunnskap om økologi og økosystem, som nettopp fortel om samspelet i naturen. Men for å forstå samspelet er det viktig med ein del detaljkunnskap om dei elementa som spelar med. Her bør ein dra inn tema som klima, geologi, botanikk og zoologi.
Menneske og natur
Kombinasjonen av natur og kultur i eit kulturlandskapsprosjekt tydeleggjer også at menneska er avhengige av naturen, like mykje i vår tid, men tydelegare før. For å fylla sine primærbehov brukte fortidsmenneska det dei hadde for handa i "naturens supermarknad", dvs. det som fanst i skog og mark, på fjellet og i havet. Husa vart bygde av tømmer, med tak av steinheller eller never og torv. Oppvarminga vart ordna med ved, torv eller spekk. Kleda vart laga av skinn, mat skaffa dei seg ved sanking, veiding og fangst. Etter kvart som den kulturelle utviklinga gjekk, særleg den teknologiske sida av den, vart løysingane for å fylla primærbehova meir uttenkte. Dei begynte å dyrka jorda og halda husdyr, ull vart spunne til garn og tøy vart vove.
Om me skreller av vår tids kultur alle dei "unødvendige" laga, ser me at nytteaspektet ved menneska sin kultur framleis er innretta på at menneska skal halda seg tørre, varme og mette. Det er ein fellesskap me har med dyra.
[Kjelde: Upublisert materiale, Tor Schmedling]
Til toppen
|
|