Somaropen kafè

Kvar somar er det kafèdrift i Utladalen Naturhus. Kafèen opnar rundt Sankthans kvart år, og har eit godt utval av drikkevarer, is, vaffel og anna bakst. Stikk innom oss og fyll på energilageret ditt anten før eller etter ein tur innover fantastiske Utladalen. Kafèen held til i det gamle hovudhuset på garden Skåri, og historien sitrar framleis i veggane her.

Skåri var frå gammalt av ein husmannsplass under Hestetun i Øvre Årdal. I 1861 vart Skåri sjølveigarbruk då Ola Nilsson Holseter kjøpte det. Eigedomen er på 22 dekar innmark og 720 dekar utmark. På det meste hadde garden 3 kyr og 20 geiter, gris og nokre høner. Dei lånte hest på nabogarden ein sjeldan gong, men for det meste vart fôr og avdrått bore heim på ryggen. Den siste brukaren var Håkon Skår. Omkring 1970 hadde han spelsau, dei siste beitedyra i Skåri.

I 1996 starta Stiftinga Utladalen Naturhus arbeidet med å restaurera Skåri, og Naturhuset slik det framstår i dag opna for folk i mai 1998. 

Vel møtt til ei kafèoppleving av dei sjeldne omkransa av dramatisk natur og historie!

OPNINGSTIDER:

Frå og med skulestart held somarkafèen no stengd. Kafèen på Vetti Gard er open fram til og med 10. september, og kvar helg fram til og med 24. september. Elles er Tya Bakeri | Kafè i sentrum av Øvre Årdal eit svært godt alternativ. Velkomen att medio juni i 2018!