Humlesafari

Bygging av humlekasser. Foto: Torunn Todal Laberg

Bygging av humlekasser. Foto: Torunn Todal Laberg

Veit du at me har ein vaskekte humleinstruktør i Utladalen Naturhus? Han passar på humlene våre i Utladalen - som gjer ein kjempeviktig jobb i kulturlandskapet ved å pollinera ei mengd ulike planteslag. I tillegg er humla ei viktig næringskjelde for fleire dyreartar, og ikkje minst så set ei susande humle oss menneske i skikkeleg somarstemning. Humlene våre blir det diverre stadig færre av, og det er difor viktig at me prøver å hjelpa dei ved å legga til rette for ein stad dei kan bu. Me har difor plassert ut nokre humlekassar i terrenget rundt Naturhuset, og du kan få bli med for å sjå om nokon bur der. Og viktigast av alt - du får læra om det å vera humlehjelpar, slik at også du kan bidra til at humlene kan halda fram med å gjera den viktige jobben i naturen. Dersom humlene får reduserte bestandar eller forsvinn, vil det få alvorlege konsekvenser også for ei rekke artar utover planter (som til dømes andre artar av insekt som snyltar på humla eller artar som et dei).

Påmelding seinast dagen før til Åsmund Nordgulen på tlf 959 92 135.