Utstilling

Utstillinga i Utladalen Naturhus fungerer som ein døropnar til natur- og kulturhistoria i Vest-Jotunheimen. Her får du inngåande kjenneskap til alt frå plante- og dyreliv, geologi, kulturlandskap og historie. Utstillinga er tilgjengeleg for publikum heile somarsesongen, men også elles i året på førespurnad. Me skreddarsyr også gjerne opplegg som har med natur- og kulturhistorie å gjera, der utstillinga i Utladalen Naturhus er ein del av opplegget. Ta kontakt med styret i Utladalen Naturhus på tlf +47 959 97 045 for å gjera avtale.