Velkommen til den offisielle opninga av ny utstilling i Utladalen nasjonalparksenter!
Dato: 16. august 2025
Tid: kl 11:00
Det siste året har det gått føre seg eit omfattande arbeid i Utladalen. I januar i fjor fekk Utladalen Naturhus autorisasjon som besøkssenter nasjonalpark, og sidan har arbeidet med å realisera Utladalen nasjonalparksenter AS hatt hovudprioritet. Det er ei glede for oss å få markera at ny utstilling no er på plass. Me håpar du vil feira saman med oss.
Program:
- Opning av ny utstilling kl 11:00 ved Aleksander Øren Heen og ordførar Christian Sønstlien
- Ord for dagen ved Rigmor Solem (styremedlem) og Torunn Todal Laberg (styreleiar SUN)
Det blir lett servering.
Etter opningsmarkeringa håpar me folk vil nytta litt tid i Utladalen, anten ved at de blir verande ved nasjonalparksenteret eller ved å gå tur innover dalen.
Påmelding til Utladalen nasjonalparksenter på epost: post@utladalen.no
Frist for påmelding: 13. august 2025
Du kan også møta opp utan påmelding, men kan då ikkje rekna med servering. Kafèen vil uansett vera open for dei som vil kjøpa seg noko å bita i.