Draumejobben finn du her
Bli med i vår fine gjeng med sesongarbeidarar i Utladalen!
Er du naturglad, engasjert og ynskjer fysisk utearbeid til sommaren? Stiftinga Utladalen Naturhus og Utladalen Nasjonalparksenter AS har 3-4 ledige stillingar som skjøtselsarbeidarar/turistvertar sommarsesongen 2026. Stiftinga Utladalen Naturhus har ansvar for kulturlandskapsskjøtselen i Heimre Utladalen. Hovudmålsettinga med skjøtselen er å ta vare på kulturlandskapet og viktige naturtypar, ivaretaking av biologisk mangfald og naturrestaurering. Utladalen Nasjonalparksenter AS driv besøkssenter for nasjonalpark med utstilling og ein liten kafé med enkel servering og litt varesal. Me deltek og i drifta på Avdalen gard i sesongen 2026. Dei som vert tilsett er i hovudsak skjøtselsarbeidarar, men tek enkelte vakter som turistvertar i nasjonalparksenteret, og som vertskap på Avdalen gard.
Arbeidsperiode:
I hovudsak frå 15. juni – 28. august 2026, men det er mogleg å søke for kortare periode tilpassa skuleferien.
Skriftleg søknad med CV og referansar vert å senda på e-post til post@utladalen.no innan 26. Februar 2026. Ved spørsmål om stillingane, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Monika Lysne, tlf. 90516686 eller e-post post@utladalen.no.
I søknaden må det stå:
Fødselsdato
Dato for når du kan starte, kor lang periode du kan jobbe og evt ynskje om fri/ferie
Relevante kvalifikasjonar og eigenskapar (motorsagkurs, førarkort, osv.)
Eventuell tidlegare relevant arbeidserfaring
Kvalifikasjonar og arbeidsoppgåver:
Du må kunne arbeide ute i alle slags vær og vere i god fysisk i stand til å gjennomføre fysisk krevjande arbeid i fleire timar kvar dag. Me ynskjer i hovudsak personar over 18 år, men yngre søkarar kan verte vurderte.
Arbeidet inneberer arbeid med slåttemaskiner, ryddesager og diverse andre reiskap. Det må og påreknast anna førefallande arbeid som reinhald, tilsyn av beitedyr, vedlikehald av stiar, medhjelparar på arrangement osv. Skjøtselsarbeidet vert utførd både nede i Utladalen med ATV som transportmiddel, men og oppe i fjellsidene, langs stiar og rundt stølar. Du vil stort sett jobbe saman med andre i eit arbeidslag, med ein arbeidsleiar som vil følgje opp arbeidet. Opplæring vert gjeve i starten på arbeidsperioden. Alt utstyr og verneutstyr er tilgjengeleg på arbeidsstaden.
Noko av arbeidet kan innebere å vere vertskap for Avdalen gard. Du får då ansvar for tilrettelegging og matlaging til gjestene (frukost og enkle middagsrettar) i tillegg til drift av ein enkel sommarkafe her oppe, og reinhald av rom og fellesareal. Det kan vera aktuelt å ha ein fast person til dette arbeidet frå veke 28-35, så skriv gjerne i søknaden om du kan vere interessert i å jobbe berre i Avdalen, eller i hovudsak som skjøtselsarbeidar. Dersom me ikkje får på plass ein fast person som vertskap i Avdalen, må skjøtselsarbeidarane byte på å jobbe ein dag i blant som vertskap i Avdalen. Dei som vert tilsett, må vera fleksible på arbeidstida knytt til dagane som vertskap, då arbeidsdagen kan bli delt opp i frukost- og middagsvakter, med lengre pause mellom.
Dersom det er søkjarar som er spesielt eigna til å jobbe mest på skjøtsel, eller til å jobbe meir i kafeen, kan det altså bli noko tilrettelagd for dethar fri.
Me kan tilby:
Sommarjobb ute i fantastisk og unik natur!
Relevant arbeidserfaring for studentar innan skog, utmarks, reiseliv-, natur- eller kulturfagleg utdanning
God opplæring i arbeidstida
Personalbustad (gratis) for utanbygds søkarar
Løn som vert avtala ut i frå alder, erfaring, kvalifikasjonar og ansvar
Personlege eigenskapar:
Du har praktiske ferdigheiter
Du er fysisk i stand til å arbeide ute heile arbeidsdagar med fysisk krevjande arbeidsoppgåver
Du har gode samarbeidsevner og er sjølvstendig i arbeidet
Du er positiv og serviceorientert, og kan kommunisere på engelsk
Du har gjerne erfaring med skjøtsel og skjøtselsutstyr (ikkje eit krav)