Kulturlandskapet i Utladalen

Her er eit rikt kulturlandskap med spor etter tidlegare gards- og stølsdrift. Det er hovudsakleg slått, lauvingsbruk og beite som har forma landskapet, og ein finn mange artar som er knytte til kulturlandskapet. Med korte avstandar mellom høgfjell og frodige dalar, har dyre- og plantelivet stor spennvidde.

Bilde frå slott på Kvile sommaren 2022. Foto: Samuel A. Båtsvik

Stølinga har òg vore ein viktig ressurs for bøndene, og pregar vegetasjonen – frå dalbotn til høgfjellet. Alle gardar og plassar i Utladalen hadde to stølar, ein heimestøl og fjellstøl. I tillegg hadde bønder frå andre bygder stølsrettar i Øvre Utladalen. Utladalen husar såleis særleg mange kulturminne frå nyare tid, som stølar og jakthytter. I dag finn du beitedyrdyr både ved Vetti og i Avdalen, og seint på sommaren kan du oppleva slåtten her (Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, 2021)

Styvingstrær i Avdalen. Foto: Johannes Skahjem

I 1995 vart det laga ein enkel skjøtselsplan for kulturmarka i Avdalen og det vart innleigd mannskap til å utføra det praktiske arbeidet. Dette skjøtselsarbeidet har utvikla seg til å omfatta fleire gardsbruk i Utladalen. I 1996 starta arbiedet med å restaurere det gamle kulturlandskapet på Skåri. Skjøtselstiltaka har som mål å ta vare på innmarka sitt opne preg med avgrensning mot utmarka
(Henta frå utstillinga i Naturhuset, skrive og utvilka av Rigmor Solem).

I utstillinga kan ein lesa utfyllande om natur- og kulturhistoria i Utladalen og Vest-Jotunheimen.