Våre tenester

  • Foto: Samuel Båtsvik

    Skjøtsel og landskapspleie

    Sidan 1997 har Naturhuset drevet restaurering og skjøtsel av kulturlandskapet i Utladalen. Ansvarsområdet omfattar heile heimre Utladalen samt Vormelid i fremre Utladalen.

  • Foto: Samuel Båtsvik

    Formidling

    Vi har besøkssenter på den gamle garden Skåri. Her har vi lokaler med kafé og utstilling. Besøkssenteret held åpent gjennom sommaren. Utanfor sesong legg vi opp til besøk frå skuleklasser kor vi driv naturvegleiing. Utanfor sesong er det og mogleg å leige lokala på Skåri for egne opplegg.

  • Foto: Samuel Båtsvik

    Arrangement

    Naturhuset er på å arrangere fleire ulike arrangement på vegne av lokalsamfunnet i Årdal. Vi samarbeider med andre lokale lag og organisasjonar. For større arrangement har vi ein dedikert dugnadsgjeng som gjer ein fantastisk innsats. Dersom du ønsker å leige Skåri for eigne arrangement kan ein kontakte prosjektleiar for SUN. Vi kan og vere med på å planlegge og gjennomføre tilpassa opplegg i saman deg som gjest. Kafé-huset kan romme 15-20 personar, utstillinga kan romme atskillig fleire, men treng meir førebuing.