Søker dagleg leiar ved Utladalen nasjonalparksenter

Beitedyr er ein føresetnad for god skjøtsel i Utladalen. FOTO: Utladalen Naturhus

Arbeidsgjevar: Stiftinga Utladalen Naturhus/Utladalen nasjonalparksenter AS

Stillingstittel: Dagleg leiar

Frist: 15. mars 2024

Tilsetjingsform: Fast

Stiftinga Utladalen Naturhus har fått autorisasjon som besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark, og er i desse dagar i ferd med å etablera Utladalen nasjonalparksenter AS. Føremålet vårt er å formidla informasjon og kunnskap om nasjonalparkane og tilgrensande verneområde, deira verneverdiar, natur, kulturlandskap og naturbruk. Årdal kommune har status som nasjonalparkkommune. Utladalen nasjonalparksenter forvaltar tilskotsmidlar frå Miljødirektoratet, og samarbeider med nasjonalparkstyre og nasjonalparkforvaltning, lokale og fylkeskommunale myndigheiter og andre interessentar i privat og offentleg sektor.

Stillinga som dagleg leiar blir ledig frå april 2024. Til stillinga høyrer ansvar for drift og utvikling av besøkssenteret, inkludert økonomi, prosjektstyring, utarbeiding av søknadar, rapportering, kontakt med Miljødirektoratet, personalansvar, funksjon som styresekretær og arbeidsleiar for skjøtselsarbeidet som Stiftinga Utladalen Naturhus utfører på oppdrag frå Statens Naturoppsyn. Det vil elles vera eit tett samarbeid med SNO. Det vil vera ein fordel med kjennskap til praktisk arbeid med kulturlandskap og skjøtsel.

Utladalen nasjonalparksenter sitt oppdrag er å formidla informasjon og kunnskap om naturen og verneverdiane i Jotunheimen og Utladalen og områda ikring. Vi rettar oss både mot lokalsamfunnet og mot ålmenta regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Dagleg leiar vil måtta arbeida sjølvstendig, strukturert og effektivt. Relevant, gjerne naturfagleg utdanning og erfaring vil bli lagt vekt på. Vi vil også legge vekt på personlege eigenskapar som evna til samarbeid og nettverksbygging, evna til å sjå løysingar og gjennomføra prosjekt. Engasjement for natur- og miljøvern er eit vilkår for tilsetjing. Dagleg leiar vil også ha personalansvar for naturformidlaren vi skal tilsetje til hausten, i tillegg til dei 4 sesongtilsette skjøtselsformidlarane som jobbar i Utladalen kvar sommarsesong.

Utladalen nasjonalparksenter er i ei utviklingsfase med oppgradering og fornying av både uteareal og innandørs utstilling ved besøkssenteret i Utladalen. I tillegg til eige senterbygg i Utladalen, er det eit mål å etablera kontor/satelittutstilling i sentrum av Øvre Årdal. I tillegg kjem utvikling av satelittutstilling/informasjonssamarbeid med Årdal visningssenter/Gamle kraftstasjonen. Våre tilsette vil ha kontakt med både reiselivsmiljøet gjennom Visit Årdal og teknologimiljøet gjennom Årdal teknologipark. I tillegg til Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde, har me to naturreservat tett på: Kvitingsmorki naturreservat og Lykkja naturreservat.

Vi tilbyr ei nøkkelstilling med stor grad av fridom og moglegheiter for å vidareutvikla ein viktig institusjon for natur- og miljøvernet, tilrettelegging for friluftsliv og for lokalsamfunnet. Tilsetjing er ønskt i god tid innan utgangen av april. Løn etter avtale.

Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du retta den til styreleiar Torunn Todal Laberg på telefon 975 22 139 eller epost torunn@bulderogbrak.no.

Søknadsfristen er 15. mars 2024.

Neste
Neste

Søker skjøtsels- og formidlingsmedarbeider for sommaren 2024