Søker skjøtsels- og formidlingsmedarbeider for sommaren 2024
Stiftinga Utladalen Naturhus søker 4 driftige skjøtsels- og formidlings medarbeidarar i Utladalen sommaren 2023. Me utførar fleire arbeidsoppgåver på oppdrag for Statens Naturoppsyn. Samt at vi driv formidling retta mot besøkande, skuler andre grupper. Naturhuset ligg i Utladalen landskapsvernområde, eit området med ein rik natur- og kulturhistorie. Vårt formål er å bevare kulturhistoria i dalen, gjennom restaurering, skjøtsel og formidling.
Stillingar:
Stilling 1) Skjøtselsformidlar ca. 8 veker (juni-august)
Stilling 2) Skjøtselsformidlar ca. 8 veker (juni-august)
Stilling 3) Skjøtselsformidlar ca. 8 veker (juni-august)
Stilling 4) Skjøtselsformidlar ca. 5 månader (mai-september)
Frist: 15. mars 2024
For meir informasjon om stillingane ta kontakt med styreleiar Torunn Todal Laberg på tlf. 975 22 139 eller e-post torunn@bulderogbrak.no
Send søknad og cv til post@utladalen.no innan 15. mars 2024.
Stillinga inneber:
- Skjøtsel av kulturlandskapet
- Tilsyn med beitedyr
- Publikumskontakt
- Naturvegleiing
- Tilrettelegging for ferdsel
- Drift av besøkssenter
Utladalen Naturhus kan tilby:
Ei heilt unik arbeidsoppleving ute i fantastisk natur. Arbeidsplassen er hovudsakleg heile Heimre Utladalen, men vi har og nokon oppdrag lenger fram i dalen. Du får ein variert arbeidskvardag kor ein varierer mellom publikumskontakt og service, til fysisk kroppsarbeid. Vi arbeider ut i frå ein skjøtselsplan og tek i bruk ei rekke tradisjonelle arbeidsmetodar. Naturhuset sørger for losjering av arbeidarar.
Personlege eigenskapar:
- Liker å være ute / drive med fysisk arbeid
- Praktiske emner
- Fysisk uthaldande
- Lærevillig
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig
- Positiv og serviceorientert
Relevant erfaring/kompetanse:
- Kurs, og eller tilsvarande erfaring med motor- og ryddesag
- Praktisk arbeidserfaring, gjerne frå yrkesfag, er ein fordel
- Erfaring frå park / anleggsdrift er ein fordel
- God muntlig og skriftlig engelsk
- Gjerne erfaring med dyrehold